tirsdag 13. desember 2011

13. desember: julefest på Folkestad skule

Ein av dei mange fordelane med å bu i ei lita bygd, er at skulen her er tilsvarande oversiktleg. Dei fleste elevane går på same skulen i ti år, men nokre frå Bjørkedalen går på friskulen der nokre år først. Vi har i fleire år hatt tre ungar på skulen; Eldstejenta gjekk ut av tiande våren før Minstemann begynte i første klasse. Ho ville gjerne kome for å delta på festen og møte gamle kjende, og kanskje aller mest for å sjå søskena opptre.



Festen opna på tradisjonelt vis med at første og andre klasse kom syngande inn i Lucia-tog. Deretter song dei ein song til, om alfabetet. Tredje klasse, der Minstemann går, song saman med fjerde klasse "Stopp, ikkje mobb" og "Himmel på jord". Femte og sjette klasse, der Veslejenta går, song "Forelska i lærer'n". deretter framførte jentene ein eigenkoreografert dans. To jenter frå tiande klasse dansa òg, etterfølgt av diktlesing frå sjuande klasse. Deretter spelte "Lommerosk" to eigenkomponerte songar. Åttande klasse song "Home for Christmas", og niande song "Stjernesludd" med Storegut som solist. Til slutt song og mima tiande klasse til "Johnny be Good" og "I was made for loving you".

Etter programmet vart det buffet med "mat på fat".

Ein triveleg førejulskveld med flinke elevar og lærarar!

2 kommentarer:

  1. Det er det som er fordelen med små bygder at det er oversikteleg og plass til alle.

    SvarSlett
  2. Skulle gjerne ha vore der.Vi kjenner ikkje HEILE bygda, men det er kjekt å sjå ungane opptre.Dei er alltid flinke.

    SvarSlett