mandag 20. februar 2012

Vinterferie dag 1

Alle fire kidsa var samla i heimen for ein gongs skuld, og vi la derfor opp til ein roleg dag. Dei to yngste gjekk ut og leika medan det var dagslys og snø - begge delar forsvann i løpet av dagen. Sjølv sette eg meg til med retting av elevarbeid, og så brukte eg ein del tid på å mekke saman middag til heile rabbegjengen. På menyen stod kalvesteik, kjøpt ferdig steikt, og attåt hadde vi mellom anna fløytegratinerte poteter med store mengder kvitlauk.

I kveldinga gjekk eg meg ein tur i vel ein time. Det regna og bles heilt forferdeleg, og eg gjekk og heldt i hetta for ikkje å få piskande regn i auga. Ungane kosar seg med inneaktivitetar av ymse slag, og feriekjensla er på topp.

3 kommentarer:

  1. Kalvesteik? Det er noko eg aldri har sett på butikken. Var den god? Her er det mykje snø att enno, men mykje har smelta også.

    SvarSlett
  2. Steika var det Barnefaren som hadde kjøpt - den var nydeleg og smelta nesten på tunga. Eg har tidlegare kjøpt ferdigsteikt svinesteik, den var IKKJE god.

    SvarSlett
  3. Kalv er sjeldan å sjå. Godt at det smakte!

    SvarSlett