tirsdag 14. februar 2012
Barnepiken (the Help) på film
Endeleg kom den i posten, og endeleg fekk eg tid og høve til å setje meg ned og sjå film. Etter å ha likt boka godt er det alltid vanskeleg å sjå ein film, for der er så mykje som vert utelate eller ikkje forklart godt nok. Ein del er dessutan endra, til dømes heile komposisjonen i boka. Eg sleit litt med å kjenne att figurane og miljøet, og nokre av dei var direkte karikerte. Likevel likte eg filmen, og eg trur at eg kan kome til å bruke den i undervisninga for å vise korleis segregering var i praksis i Sørstatane på 1960-talet. I VG1-klassen har eg allereie vist "Mississippi Burning", så i år blir filmen i tilfelle brukt i gruppa i internasjonal engelsk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dette er ein av dei filmane basert på bøker eg har lese, som eg har likt best. Syntest filmen var ganske lik boka, sjølv om personane såg noko annleis ut i min "indre film".
SvarSlettEg kjøpte denne til meg sjølv i Oslo. Får vel sjå den når karane reiser på fotballtur ...
SvarSlettKjøp deg eit eige TV !Fordi du fortjener det.
SvarSlettSjå film på data om alle tv-ar er opptekne! Eg likte denne filmen veldig godt. Boka tykte eg var veldig rotete i starten.
SvarSlett