søndag 19. februar 2012

Fastelavn 2012

Dagen i dag var til dels nydeleg, med eit tynt lag nysnø og ein del sol. Eg sette ein deig av ferdig "bolleblanding" før eg gjekk ein tur ut. Då eg hadde trilla ut bollane, sette eg meg til med skulearbeid, og så vart det etterheving og steiking som variasjon i arbeidet. Som lærarar flest har eg eit par gedigne rettebunkar å kose meg med i ferien, og eg nytta høvet når eg var aleine til å få unna nokre timars arbeid.

Gjengen kom i 18-tida, og då serverte eg ferske bollar med krem og syltetøy (og eit lite melisdryss).

3 kommentarer:

  1. Same opplegg som her i huset! Fekk retta unna 1 1/2 klassesett med 93 mulege poeng. Så får eg vurdere dei to klassesetta meds norsktekstar ut i veka ein gong. Det er meir interessant arbeid.

    SvarSlett
  2. Og eg har verken retta eller baka. Har bollar i frysaren, menhadde ikkje lyst på.
    Nautvikbollane såg nauta gode ut.

    SvarSlett