søndag 12. februar 2012

Bok 11 2012: "Arven" av Katherine Webb

Ei kvinne, Rick, finn eit gammalt bilete av oldemora med ein liten baby på fanget. Årstalet på biletet stemmer ikkje med bryllaup og barnefødslar i oldemora sitt liv, og dermed er mysteriet i gang. Eit anna mysterium er den vesle guten som forsvann i Ricks barndom, ei heding som har sett djupe spor i livet til systera, Beth.

Romanen er underhaldande og spennande, og heilt grei som den type lesing. Ein får litt innblikk i ulike miljø og tidsepokar, og eg synest det vert mykje å fokusere på. Eitt av miljøa frå fortida hadde vore nok for meg, spesielt frå livet til oldemora. Likevel er dette ei bok som eg vil anbefale andre å lese.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese denne boka også. Grei underhaldningsroman.Og vi vil vel ha DET også ?

    SvarSlett
  2. Ja, det vil vi. Innimellom. No har eg to dokumentarbøker på gang.

    SvarSlett