søndag 12. februar 2012

Morsdag 2012

Dagen begynte med at småungane lurte på om dei snart fekk frokost. Etter ein del instruksjon dekte dei på bordet. Så vart det litt styr då Minstemann ikkje kunne framvise morsdagskort, og Veslejenta sladra om at han hadde nekta å lage kort på SFO fordi "han ikkje gadd".

Etter kvart fekk vi somla oss ut i bilen og kjørt Veslejenta i selskap, medan vi hine tok turen til Nyehuset. Der begynte vi med å lage brising og brenne diverse gammalt listverk, småendar av nyelistene og platene og diverse papp og rusk. Deretter kom Barnefaren og hjalp oss med å montere opp to svarte lenestolar med krakk, i tillegg til eit salongbord. Så henta han papptallerkenar og marsipankake, så vi fekk feira morsdagen på meir tradisjonelt vis med første måltid i Nyehuset.

Vel heime har eg dusja av meg lukta av bål og sessa meg i godstolen med skulearbeid. Om ei stund skal eg sjå ein av dei filmane eg har liggande, og som eg har sett fram til å nyte i einsemd.

Gratulerer med morsdagen alle andre mødrer der ute!

2 kommentarer:

  1. Såg no nesten koselig ut med mat i nyehuset. Hugsar at det første middagsmåltidet her i huset var steikt blodpudding, og ein av kameratane til Rasmus var gjest.

    SvarSlett
  2. Det var koseleg, ja. Ferdigkjøpt marsipankake på papptallerken smakte aldeles fortreffeleg, ikkje minst fordi vi hadde arbeidd hardt først.

    SvarSlett