tirsdag 21. februar 2012

Tungt bord og jævelskap

Ettermiddagen har vi tilbragt i Nyehuset, med skrujarn og skruemaskin.

Først måtte Barnefaren, Storegut og eg bere det nye spisebordet rundt huset og inn verandadøra. Det var mildt sagt blytungt, og då kom beina og ekstraplatene i tillegg. Utan plater er bordet 180 cm, men ferdig utslått er det 340 cm, og passar til dei 14 stolane. Monteringa gjekk svært kjapt, men eg tvilar på at eg kjem til å ta ut teppet KVAR helgavask...

Storegut monterte deretter ferdig tre skuffer til Tv-møbelet, småsøskena pakka ut av bilen alt vi hadde pakka inn i den før vi for, og Barnefaren monterte framskapet (som ganske fort fekk namnet "jævelskapet"). Sjølv prøvde eg å gå han til hende, sette diverse inn i kjøkenskapa og rydda litt rundt omkring. "Vi" har no montert alt som er kome i hus, så no er eg klar for å handle meir i morgon.

6 kommentarer:

  1. Eg har heimelaga rømmegraut på lur, når de får høve til å stikke innom eller omvendt.

    SvarSlett
  2. Eg trur så gjerne det bordet er tungt. Du har sett salongbordet vårt? Det er tungt som bly, det også, om det ikkje ser slik ut.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med nytt bord og skap! Teppet kan du støvsuge.

    SvarSlett
  4. Teppet kan støvsugast, og kanskje vaskast litt forsiktig. Det er dessutan mgleg å drage teppet til sides med bordet oppå.

    SvarSlett
  5. Skjønar problemet, vi har hatt eit tungt spisebord i mange år no. Trur ikkje det blir skifta ut med det første.
    Det ser ut til å bli fint hos dokke. Gratulerer med alle nyanskaffelsane.

    SvarSlett
  6. Skjønar problemet, vi har hatt eit tungt spisebord i mange år no. Trur ikkje det blir skifta ut med det første.
    Det ser ut til å bli fint hos dokke. Gratulerer med alle nyanskaffelsane.

    SvarSlett