torsdag 16. februar 2012

The Iron Lady (Jernkvinnen) som skulekino

Eitt av dei få frynsegoda i jobben er at vi av og til får sjå film i arbeidstida. No skal det seiast at eg i dette tilfellet ikkje berre gjekk og såg ein film, men derimot har hatt fleire timars førearbeid der eg har lese meg opp på britisk historie og "Thatcherism". Eg var uansett spent på korleis filme var laga, og korleis den ville falle i smak.

Meryl Streep spelar den aldrande Maggie T som ikkje heilt vil innsjå at mannen er død og at ho sjølv er noko dement. I tillegg ser ho ofte attende på episodar frå eige liv.

Eg likte filmen svært godt. Den gir eit portrett av ei kvinne som arbeidde seg opp i eit mannssamfunn, utan at resultatet dermed vart eintydig positivt. I tillegg fortel den ei nydeleg kjærleikshistorie, og ein får noko innsyn i historiske hendingar. Om ikkje anna, er Meryl Streep sin innsats fantastisk.

2 kommentarer:

  1. Lurer på om dette er noko for Seniorkinoen. Eg kunne i alle fall tenkt meg å sjå den.

    SvarSlett
  2. Ja, den handlar i alle fall mykje om det å bli gammal og sjå attende på livet - på godt og vondt.

    SvarSlett