lørdag 23. mars 2013

Bok 20 2013: "Fasandreperne" av Jussi Adler-Olsen

Eg har tidlegare lese to bøker i serien om Avdeling Q, og eg må seie at eg likte dei betre enn denne. Historia er for så vidt dramatisk nok, men det meste vert røpa for tidleg. Noko av det er føreseieleg på grensa til å vere klisjéfylt, som til dømes kvinna som aldri kjem over aborteringa av barnet sitt.

Eit lyspunkt i boka er Assad, assistenten til hovudperson Carl Mørck, som har mange morosame replikkar. Språkleg sett er òg bøkene til Adler-Olsen i særklasse, spesielt den kreative bruken av språklege bilete.

1 kommentar:

  1. Eg elskar desse bøkene, mest på grunn av Assad og språket. Både Assad sitt språk, og språket generelt.

    SvarSlett