I dette grøne huset på Eikremseter skjedde ein grusom tragedie 29. september 1979. Ei 16 år gamal jente var sambuar med guten i huset, men han enda opp med å skyte henne og hennar nye kavaler då dei kom for å hente tinga hennar. Ein 16 år gamal gut sat i baksetet på bilen dei kom i, men han vart ikkje skoten. Kommentaren frå drapsmannen var: "Du hekje gjort mej noke". Etter å ha levd nokre dagar på rømmen i fjella mellom Syvde og Åheim, vende han attende til barndomsheimen for å få mat. Faren ringde då politiet, og guten vart pågripen.
Straffa vart ti års fengsel, og i 1989 flytta han heim att. Det var ikkje enkelt å kome attende til nærmiljøet, og til slutt forsvann den drapsdømde. Levningane hans vart funne i ei steinur eit år senare. Han hadde skote seg sjølv.
I Selje sentrum står eit skilt som peiker mot Skårbø. Det er berre 4 km dit, og då sluttar vegen. Derifrå kan ein gå utover fjøresteinane til ein nedlagd gard, der ein dreiv med geitehald fram til 1957. Garden ligg i ei bratt ur, og der var ikkje akkurat lettstelt. Utsikta, derimot, var fantastisk. Ein kunne mellom anna sjå Selje, Selje kloster, Kråkenes og ein nydeleg solnedgang i havet.
Eg har faktisk vore i Almklovdalen eit par gonger. Sist gong etter at eg vart pensjo. Eg meiner dei har slutta å ta ut olivin der no?
SvarSlettMorda kan eg ikkje hugse, men med så mange mord, reelle og fiktive, som eg er borti, kan det bli mykje å halde styr på. Greitt å ha med seg ein journalist.....
Olivinuttaket held fram, men på stadig nye stader. Det vi såg nærare på, var i hovudsak brukt på 1940-talet, og såra i naturen er enorme. Områda er direkte farlege, og sikringa er elendig. Likevel vitnar det om hardt arbeid og mykje pengar. Det er praktisk å ha med ein lokalkjend journalist som kan og veit mykje om mangt!
SvarSlettEg fekk og lyst dit! Mange fine bilde både frå dag og kveld!
SvarSlett