onsdag 12. juni 2013

Bok 37 2013: "Tråden" av Victoria Hislop

Boka begynner bra, med interessant historisk stoff frå Thessaloniki i perioden rundt og under andre verdskrig. Ein får innsyn i eit miljø der jødar, kristne og muslimar lever side ved side, men der dramatiske ting skjer.

Undervegs endrar boka noko karakter, til ei suppesøt smørje som delvis er så føreseieleg at ein kan begynne å lure på om forfattaren har utført eit hastverksarbeid. Når dei personane som er "i vegen" døyr, til dømes, er det ei litt for enkel løysing etter min smak.

Eg var begeistra for "Øya" då eg las den, men både "Hjemkomsten" og "Tråden" er etter mitt syn svært mykje dårlegare. 

God bokmelding eg er einig i


11 kommentarer:

  1. Eg er heilt enig med deg i nesten alt. Eg syntest nemlig ikkje at Øya var god heller. Godt historisk materiale, men også den enda opp i søtsuppe. No blir eg vel arrestert igjen, det blir eg kvar gong eg tilstår at eg ikkje likte Øya.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er samd med deg! Det historiske stoffet og første delen av Øya inneheld interessant stoff. Men altfor mykje kliss og "oppklaringar".

      Slett
  2. Av såkalla søtsuppebøker, ein ser det på omslaga, likte eg Tråden veldig godt, og den kjekkaste av dei tre bøkene. Elles styrer eg unna ssb, men det hender ofte at eg får dei i presang, og då må ein jo gjere eit forsøk.

    SvarSlett
  3. Elles så må eg gratulere med alt eksamensarbeidet og anna du driv med! Det skal nok smake godt med ferie snart, både for store og små!

    SvarSlett
  4. Søtsuppe er ok dersom det har ei viss spenning, synest eg. Då heltinna har gifta seg med feil mann fordi ho trur at helten er død, men han viser seg å leve likevel, vart det etter mitt syn litt for billeg å la ektemannen døy ein brå død. No er eg ein kritisk lesar, sikkert verre enn elles fordi eg les sensur for tida, og det kan hende eg tolererer meir "kliss" dersom eg ligg ute i sola med ei pocketbok om eit par veker...

    SvarSlett
  5. Søtsuppe er ein ting, dårlig og platt språk er det verste EG veit.

    SvarSlett
  6. Eg vert så lei av VAKKERT!

    SvarSlett
  7. "Hjemkomsten" var grei, men jeg føler på meg at nok er nok. Liker godt uttrykket "suppesøt smørje" :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nok er verkeleg nok, og eg hadde ein periode med litt for mange bøker i søtsuppe-sjangeren (Samartin, Hislop m.fl). Lesinga mi er dessutan svært avhengig av eigen modus. Når eg rettar mykje, er eg mest freista av lydbøker, og der er det dessverre eit utval mest prega av søtsuppe og krim.

      Slett
    2. Søtsupper går an innimellom, men det må ikke bli for mye. Jeg leste Señor Peregrino som irriterte meg med altfor mange klisjeer og platt språk, jeg satt igjen med en følelse av å ha lest en ukebladnovelle. Men det er greit. Sånn innimellom.

      Slett
    3. Eg likte halve "Drømmehjerte", men så tok den heilt av. "Señor Peregrino" var endå verre. Greitt nok i solveggen innimellom.

      Slett