onsdag 5. juni 2013

Fri-onsdag med sensur og tur i Lisjedalen

I dag hadde eg ein tur-date med Eldstejenta, men først jobba eg nokre timar med norsksensuren. Det beste middelet mitt mot stress er hardt arbeid, og så ein tur ut som pause.

Vi gjekk skogsvegen til Lisjedalen, deretter over Geildalen til den andre skogsvegen og ned på hovudvegen att. Turen vart på 18 000 skritt, så eg var noko sliten då eg kom heim. Då skein det opp med nydeleg verandasol, så eg la meg føre og sov i sola før eg jobba vidare.

Eg er no halvvegs i bunken, så eg ligg godt an.


2 kommentarer:

  1. Veldig fint i Lisjedalen, og heldigvis kan ein køyre dit også, om ein vil.Synest det er flott at du er komen så godt i gang, over allforventning. Tenk på kor godt det blir å vere ferdig, sjølv om fleire oppgåver ventar. Og FERIE.

    SvarSlett
  2. Ein blir litt susete i hovudet av sensurering, så eg ser fram til å kome attende til normalmodus.

    SvarSlett