søndag 2. juni 2013

Kvar dag burde vere ein fest

Eldstejenta og eg deler ein livsfilosofi om at kvar dag i livet bør vere minneverdig. Ein bør oppleve noko som er verd å blogge om, ta bilete av og hugse med glede.

I praksis kan dette bli vanskeleg, spesielt slike dagar som denne søndagen, då det har regna så å seie heile dagen og Gamla til alt overmål sit/slit med eksamenssensur.

Middagen vart sjølvsagt enkel, med ferdigkjøpte kjøtkaker og Toro-saus, men vi gjorde litt ekstra ut av pådekkinga med besteservise og serviettar. Minstemann går ofte ulasteleg kledd for tida, så han vart ein naturleg del av dagens fotomotiv.

3 kommentarer:

  1. I dag vart det enkelt her. Men egt er einig i filosofien. Det skal ikkje så mykje til -serviettar, blomster og/eller lys. I dag freista det ikkje å gå ut og plukke blomster ...

    SvarSlett
  2. Og så bør det vere nokon som set pris på det. Ikkje berre ein sjølv. Og så er det ein fordel om alle et på samme tid.

    SvarSlett
  3. Frukost et vi sjeldan eller aldri samla, så ein får satse på eitt og anna middagsmåltid, og feire at ein sit saman ved eit bord og et god (om enn enkel) mat.

    SvarSlett