tirsdag 23. februar 2016

Feitetysdag

I år fekk ikkje vi feira feitetysdag i heimen, så det var ekstra kjekt at det stod rømmegraut på menyen då vi var på slektstreff i Ørsta i dag. Vi hadde fastelavnsbollar på søndag, så det passa bra med utsett feiring av feitetysdag òg. Det er i grunnen mange gode tradisjonar som er verd å halde fast ved, og ein får feire når ein kan.

Frå Hareid kom Systa og Kusina, og vi hadde ei triveleg stund med prat, latter og mykje god mat. Det er ein familietradisjon, for å seie det slik.

Ungane mine er heldige som veks opp med to sett supre besteforeldre.

2 kommentarer:

  1. Då de vaks opp, hadde de ingen bestefedrer som var i livet. Så de gjekk glipp av ein dimensjon i livet. Sidan vår generasjon gifta seg relativt tidleg og fekk barn i ung alder, er det mange barn som no har spreke besteforeldre og til og med oldeforeldre.

    SvarSlett
  2. Retting bestefedrar-eg; har eit lite problem med -er og -ar, men eg kan bøye substantiv altså. Når eg får tenkt meg om.

    SvarSlett