Vi styrer og lagar til til konfirmasjon, og rundt oss kjem våren for fullt. Eg tenkte eg skulle legge inn nokre bilete frå hagen slik andre i slekta har for vane, så no har eg teke meg ein runde. I fjor haust sette eg ned store mengder med "narsisser i blanding", og stor var skuffelsen då det som kom opp viste seg å vere heilt alminnelege påskeliljer, med eit heiderleg unntak på biletet over. Eg er spesielt på jakt etter noko som eg hugsar frå barndomen på E; nemleg kvite pinseliljer med gult "fyll" og ei raud rand ytst på midten. Slike skulle det vere i "blandinga", men eg har ikkje sett noko av dei enno. Eg sette òg ned nokre fylte/doble narsissar, men heller ikkje dei svara heilt til forventningane.
I krukkene skulle eg plante raude og rosa rosebusker, så eg sende Gubben på shopping med klare instruksar. Ikkje klare nok, viste det seg...







