Eg er glad i å gå i bunad, men det er ikkje alle år den har site like fint på. Av prinsipp er nemleg bunaden min ikkje sydd eit sting på sidan konfirmasjonen, sjølv om det somme år har vore vanskeleg å få att beltet. Eg investerte derimot i ny skjorte eit år, og Eldstejenta har no arva gamleskjorta.
mandag 11. mai 2009
Blogging om bunad
Eg er glad i å gå i bunad, men det er ikkje alle år den har site like fint på. Av prinsipp er nemleg bunaden min ikkje sydd eit sting på sidan konfirmasjonen, sjølv om det somme år har vore vanskeleg å få att beltet. Eg investerte derimot i ny skjorte eit år, og Eldstejenta har no arva gamleskjorta.
søndag 10. mai 2009
Bok 28 2009: "Kneleren" av André Brink

Eg har allereie i tidlegare innlegg røpa at eg har ei viss begeistring for afrikansk litteratur, noko som begynte då eg studerte engelsk i Kristiansand på slutten av 1980-talet. Ein av professorane der, Peter Young, var spesielt oppteken av engelsk renessanselitteratur og nyare afrikansk litteratur, og hans entusiasme var smittande.
Den gongen las vi "An Instant in the Wind" ("Gribbenes land") av André Brink - ei gripande og dramatisk forteljing om ei vandring gjennom ørkenområde i Sør-Afrika. "Kneleren" er ei heilt annleis bok, men eg har likt den veldig godt. Handlinga er lagd til misjonsmiljø i Sør-Afrika rundt år 1800, og ein møter menneske som lever i ei brytingstid mellom gamle tradisjonar og religionar i tillegg til den nye trua. Her er menneske frå Afrika og Europa, og synsvinkelen vekslar mellom desse slik at skilnader i logikk og kultur vert levandegjord. Spesielt underhaldande er hovudpersonen, Cupido Cockroach, sine brev til "høyst ærede pastor Gud".
Nils Ole Oftebro les på lydbokversjonen, og det har vore ei fryd å høyre på han.
lørdag 9. mai 2009
Konfirmasjon på Hareid
Vi har hatt ein
Vi takkar for denne gong og helsar til fråverande slekt med nokre glimt frå selskapet - blant anna eitt av "neste par ut": 12-åringen min og kusina hans.
fredag 8. mai 2009
Atter eit attersyn
Det har vore ein del diskusjon om kven som likar på kven i familien, og her er mitt bidrag til å vise at Nummer 3 er den som liknar mest på mor si - i sinn og skinn. Dette biletet er frå 1980/81, og eg underheld (?) naboungane med song og lesing. Forkleet tyder på at eg i tillegg baka eitt eller anna. Ytst til venstre sit J-blogg, forresten!
Konfirmasjon 2005

I 2005 var det Keeperen sin tur. Han er her foreviga saman med besteforeldra. Familien min/vår var på det tidspunktet blitt fulltallig. I morgon er det Nevø 3 sin tur å bli konfirmert, og vi ser verkeleg fram til å feire han. Eldstejenta har skrive tale, forresten - det kjem sikkert ikkje som noko sjokk på dei fleste som kjenner henne - og eg har gjort meg mektig upopulær med å foreslå visse endringar i den.
Konfirmasjon 2002
Delicious Daisy

Eg er ikkje akkurat nokon storforbrukar av parfyme, men dette er mine favorittar for tida.Som mange veit, har eg ei svakheit for margerittar (mykje på grunn av namnet, sjølvsagt). Prestekragar luktar eigentleg temmeleg ekkelt, men Marc Jacobs har laga ein serie parfymar med denne blomen som utgangspunkt. Sidan eg i tillegg har sansen for fine flasker (også når det gjeld vin), var valet lett.
Ein annan favoritt er "Délices" frå Cartier. Der var det òg den fine flaska som gjorde utslaget. Heldigvis luktar den godt også, i alle fall synest eg det sjølv.
torsdag 7. mai 2009
Liten mann med fleire hattar
Eg er omgitt av russ. Tysdag kom nokre av mine håpefulle og bad pent om å få sitje under pultane i den eine norsktimen. Kven kan motstå slikt? Og så sat halve klassen med ein finger i øyret timen etterpå. Dette er noko vi lærarar opplever kvart år, men det er første gong eg har opplevd at nokon spurde om lov.
I det nye "vrimlearealet" finst nokre sofa-modul-møblar der ein av delane er sirkelforma med eit hakk i, så den skal kunne setjast tett inntil ein sofabenk-del. I eit friminutt kom ein russ stormande etter meg med ein slik grøn sirkel-del medan ho laga rare lydar. Forklaringa fekk eg i dag: ein av knutereglane krev at ein leikar "packman" med krakken mot ein lærar. Eg lo godt då eg såg den assosiasjonen!
Minstemann er også russ 2009. Rosaruss, vel å merke. Han har (mellombels?) bytta ut cowboyhatten med russelue, og er minst like oppteken av knutereglar som dei raude. I dag hadde Russekullet plukka blomar til dei gamle som bur i same bygningen som Barnehagen held til, og dei fekk då piperensar-blome i dusken.
Det tek på å feire avslutning av barnehage og skulegang - ei eg lufta i går hadde somna midt i heildagsprøva, og de ser sjølve korleis det stod til med Minstemann i dag tidleg.
onsdag 6. mai 2009
Fetter på Førti


Eg har ikkje lært meg skikkeleg det der med scanning enno, eller rettare sagt korleis ein klipper vekk kant når ein scannar frå eit albumark... Her er nokre glimt frå Onkel S sin 40-årsdag i 1981. På det øvste biletet ser vi Pappa, Onkel og Mamma ("Besta") (då 41). På det neste biletet ser vi Dagens jubilant (den einaste fotballspelaren i den generasjonen!), LilleMø, meg og Mormor Amanda. Fotball-fetteren fyller altså 40 år i dag, og han og fruen skal feire dagane sine med ei reise til Egypt, etter det eg har forstått. Det gjer dei jammen rett i! Vi gratulerer!
tirsdag 5. mai 2009
Bok 27: "Den senile landmåleren" av Arto Paasilinna

Tittelen på boka tyder på at ein har å gjere med den litt sære, finske humoren som mange av oss (i alle fall i min "gamle" familie) set pris på (fleire av oss saknar finsk fjernsynsteater). Og eg har verkeleg kosa meg med denne boka! Persongalleriet er uvanleg frodig, med blant anna ein senil landmålar, ein flokk kvinnelege, franske naturistar, ein drosjesjåfør som må opptre som dokter for å roe ned den senile landmålaren og ein flokk oksar med sjefsoksen Emelie i spissen.
Eg trur eg har fått meg ein ny favorittforfattar!
Litt reklame for Fugl Føniks



På Lystadhjørnet i Ørsta ligg ei lita perle av ein kaffibar. I dag var eg der igjen, saman med kollegavenninne m/baby. Kakene på Fugl Føniks er til å døy for, og kaffien er så god at annan kaffi burde skamme seg. Det skadar heller ikkje med ein åndsfrende som selskap, og verdas skjønnaste baby (biletet er ikkje heilt nytt, men dei er like fine enno). Eg takkar for laget og håpar på ein ny "date" om ikkje så lenge!
PS: Bileta er henta frå Internett - det ligg ikkje snø på gata i Ørsta no...
mandag 4. mai 2009
Sesongskifte frå ballett til ball
Vårshowet er over, så no konsentrerer dei to eldste seg mest om fotballen. I kveld har begge spelt kamp, med vekslande resultat. Jentene (Volda) vann 16 - 1 over Bergsøy, og Eldstejenta scora to av måla. Ho seier sjølv at ho hadde fleire sjansar i tillegg, men det veit ikkje eg om det er noko å skryte av. Gutane (Folkestad) tapte 8 - 1 mot Larsnes/Gurskøy, og Nummer 2 stod i mål då halvparten av måla gjekk i nettet. Han er like blid - det er visst kjekt å reise vekk på kamp uansett utfall.
søndag 3. mai 2009
Brundalsbanden
Medan Eldstejenta følte for å ha ein roleg dag, og Gamla sat med nasen ned i ein evigvarande stilbunke, tok Gubben med seg dei tre yngste og to av Nabogutane på tur i Brundalen. Der fiska dei kreder og såg på lappegople.
Nabogutane er vane med å vere mykje på setra fordi besteforeldra har hytte der. Det er ingen som kjedar seg eller saknar PS/data, for dei har alltid mykje å finne på. Eg vart heilt misunneleg då eg såg bileta, men slik er det å vere lærar på denne tida av året. I juni, juli og august skal eg derimot nyte mange, lange fridagar - kanskje nokre av dei i solstolen inne på grunna i Brundalsvatnet?
Laurdagskveld på Landet
Ei av Venninnene hadde bursdag, som nemnt i eit tidlegare innlegg, og det feira vi med eit triveleg selskap laurdag kveld! Vi vart 11 til bords denne gongen, og latteren sat som vanleg laust. Det blir fleire store feiringar av runde dagar denne våren, så det blir ein triveleg og sosial vår! "Vi glær oss!"
lørdag 2. mai 2009
Think Pink
Aerosmith: Pink
Pink lyrics
Pink it's my new obsession
Pink it's not even a question,
Pink on the lips of your lover, 'cause
Pink is the love you discover
Pink as the bing on your cherry
Pink 'cause you are so very
'Cause today it just goes with the fashion
Pink it was love at first sight
Pink when I turn out the light, and
Pink gets me high as a kite
And I think everything is going to be all right
No matter what we do tonight
You could be my flamingo
'Coz pink is the new kinda lingo
Pink like a deco umbrella
It's kink - but you don't ever tell her
Pink it was love at first sight, and
Pink when I turn out the light
Pink gets me high as a kite
And I think everything is going to be all right
No matter what we do tonight
I want to be your lover
I wanna wrap you in rubber
As pink as the sheets that we lay on
Pink it's my favorite crayon, yeah
Pink it was love at first sight
Pink when I turn out the light
Pink it's like red but not quite
And I think everything is going to be all right
No matter what we do tonight
Snart klare til konfirmasjon
To jubilantar 2. mai
Den andre jubilanten som skal heidrast på bloggen min i dag, er ei god venninne her i bygda. På biletet er vi veldig blide - det må nemnast at det er henta frå sist vinklubb, og at det er teke etter dei meir "offisielle" bileta som er presentert på bloggen tidlegare. Vi var ikkje fullt så strålande tidlegare på kvelden...

Venninna er god å ha som samtalepartnar og ei hjelpande hand, og i bloggande stund ser eg fram til å feire henne laurdag kveld.
Bok 26: "Eyewitness Auschwitz" av Filip Müller

I denne Auschwitz-boka møter vi ein som arbeidde i krematoria i Birkenau, og som på mirakuløst vis overlevde andre verdskrig. Som så mange andre bøker i sjangeren er denne skrive utan sentimentalitet, i eit nøkternt og nøytralt språk. Hatet fangane må ha følt kan så vidt skimtast mellom linjene.
Ei av dei sterke historiene i boka er at Müller på eit tidspunkt var så frustrert og deprimert at han gjekk inn i gasskammeret saman med fangane han skulle føre inn dit, men at fangane jaga han ut att og sa han måtte overleve for å fortelje om kva som hadde skjedd der.
Av andre, fryktelege scener kan det nemnast at fangane vart sette til å grave ei renne ut frå krematoriet der feittet frå brennande lik skulle samlast opp. Feittet vart seinare dynka over nye lik, for at dei skulle brenne betre. Ein av SS-offiserane, Moll, kunne more seg med å kaste levande babyar ned i gryter med kokande menneskefeitt. Ein kan undre seg over om det finst grenser for kor onde menneske kan bli dersom dei lever i ekstreme tilhøve og får ein maktposisjon.
fredag 1. mai 2009
May Day
Det er mange år sidan eg feira 1. mai, og innimellom er det faktisk eit sakn. I dag har eg berre nytta dagen til vanlege gjeremål; det har gått mest i turgåing, soling, klesvask, sykling og skulearbeid.
Dei tre eldste har vore mykje ute av reiret i dag. Minstemann har aldri vore særleg mykje aleine utan søsken i heimen, og han var noko molefonken ei stund på grunn av at han lenge var einaste kylling i reiret. Då hjalp det veldig
No i kveldinga ville Eldstejenta gjerne gå tur med si gamle mor for å fortelje om nye eventyr ho hadde opplevd. I mangel på lydbøker er det greitt med ein turkamerat som dette!
Bok 25: "Luftslottet som sprengtes" av Stieg Larsson

Endeleg ferdig! Eg, som var begeistra for den første boka i serien, har slite skikkeleg med resten av Millennium-serien. Og då er eg av natur ein rask og iherdig lesar, må vite. Sidan forfattaren er død, kjem det neppe fleire bøker frå den kanten - viss ikkje nokon fullfører det manuskriptet han skal ha hatt liggande. Det er ikkje naudsynt for min del!
Eg lurer forresten på om han døde av rein keisemd...
Abonner på:
Innlegg (Atom)



