tirsdag 5. mai 2009

Bok 27: "Den senile landmåleren" av Arto Paasilinna


Tittelen på boka tyder på at ein har å gjere med den litt sære, finske humoren som mange av oss (i alle fall i min "gamle" familie) set pris på (fleire av oss saknar finsk fjernsynsteater). Og eg har verkeleg kosa meg med denne boka! Persongalleriet er uvanleg frodig, med blant anna ein senil landmålar, ein flokk kvinnelege, franske naturistar, ein drosjesjåfør som må opptre som dokter for å roe ned den senile landmålaren og ein flokk oksar med sjefsoksen Emelie i spissen.

Eg trur eg har fått meg ein ny favorittforfattar!

3 kommentarer:

  1. Eg har lese tre bøker av denne forfattaren, men ikkje denne.Eg har ved fleire høve tala varmt om bøkene hans til resten av familien, men til denne tid for døve øyre.Men no har eg altså fått ein medsamansvoren?Bøkene eg har lese er:Harens år, Kollektivt selvmord og Den elskelige giftblandersken.
    Skikkelig bra svart,finsk humor!!!

    SvarSlett
  2. Ja, det er du som har tipsa meg, og eg har utmerka hørsel (har faktisk SVÆRT god hørsel, i følgje bedriftshelsetenesta). Det går berre ikkje så raskt alltid.

    SvarSlett
  3. Eg er avhengig av biblioteket!

    SvarSlett