fredag 1. mai 2009

Bok 25: "Luftslottet som sprengtes" av Stieg Larsson


Endeleg ferdig! Eg, som var begeistra for den første boka i serien, har slite skikkeleg med resten av Millennium-serien. Og då er eg av natur ein rask og iherdig lesar, må vite. Sidan forfattaren er død, kjem det neppe fleire bøker frå den kanten - viss ikkje nokon fullfører det manuskriptet han skal ha hatt liggande. Det er ikkje naudsynt for min del!

Eg lurer forresten på om han døde av rein keisemd...

4 kommentarer:

  1. Ikkje for min del heller, fekk meir enn nok!!!Likte den første, dei to andre var DØDSKJEDELIGE-
    SLEIT meg gjennom den siste.
    Marit, Sissel og eg hadde ein lang bokprat ute i vegen i dag.Og om anna kunst. Vi kom også inn på Keiserens nye klær---------

    SvarSlett
  2. HM.. Eg kunne gjerne lese nr 4. Men likte første best. Slutta nr 3 på Gibraltar?
    No held eg på med ei gørrkjedeleg bok "En langvarig forlovelse". Det vert eit langvarig prosjekt for min del. Eg gidd ikkje høyre når eg vaskar. Det vert kun som sovemedisin. Fransk! Den er visst filma.

    SvarSlett
  3. Den langvarige forlovelsen har eg også vore igjennom.Takk for det!No held eg på med ei veldig spesiell bok som eg gler meg til å blogge.Kneleren.

    SvarSlett
  4. Eg skal lære deg ripping til felles glede. Utvalet i Ørsta er mykje betre. I morgon torer eg meg nedom biblioteket att. Eg har no ærend ned med forlovelsen.

    SvarSlett