lørdag 2. mai 2009

Bok 26: "Eyewitness Auschwitz" av Filip Müller


I denne Auschwitz-boka møter vi ein som arbeidde i krematoria i Birkenau, og som på mirakuløst vis overlevde andre verdskrig. Som så mange andre bøker i sjangeren er denne skrive utan sentimentalitet, i eit nøkternt og nøytralt språk. Hatet fangane må ha følt kan så vidt skimtast mellom linjene.

Ei av dei sterke historiene i boka er at Müller på eit tidspunkt var så frustrert og deprimert at han gjekk inn i gasskammeret saman med fangane han skulle føre inn dit, men at fangane jaga han ut att og sa han måtte overleve for å fortelje om kva som hadde skjedd der.

Av andre, fryktelege scener kan det nemnast at fangane vart sette til å grave ei renne ut frå krematoriet der feittet frå brennande lik skulle samlast opp. Feittet vart seinare dynka over nye lik, for at dei skulle brenne betre. Ein av SS-offiserane, Moll, kunne more seg med å kaste levande babyar ned i gryter med kokande menneskefeitt. Ein kan undre seg over om det finst grenser for kor onde menneske kan bli dersom dei lever i ekstreme tilhøve og får ein maktposisjon.

2 kommentarer:

  1. Og vi som trudde vi hadde høyrt det meste........
    Det er vanskeleg å fatte at nokon kan vere så blotta for det vi no kallar empati.

    SvarSlett
  2. Det er i grunnen ganske nifst å høyre kva menneske kan få seg til å gjere. Det er liksom ingen grenser.Og det gjeld ikkje berre i fortid og krigstid, dessverre.

    SvarSlett