fredag 8. mai 2009

Delicious Daisy


Eg er ikkje akkurat nokon storforbrukar av parfyme, men dette er mine favorittar for tida.

Som mange veit, har eg ei svakheit for margerittar (mykje på grunn av namnet, sjølvsagt). Prestekragar luktar eigentleg temmeleg ekkelt, men Marc Jacobs har laga ein serie parfymar med denne blomen som utgangspunkt. Sidan eg i tillegg har sansen for fine flasker (også når det gjeld vin), var valet lett.

Ein annan favoritt er "Délices" frå Cartier. Der var det òg den fine flaska som gjorde utslaget. Heldigvis luktar den godt også, i alle fall synest eg det sjølv.

2 kommentarer:

  1. Parfyme er eit tema som ikkje har vore mykje "lufta" på bloggen.Eg har ikkje hatt slik luksus i hus sidan siste sydentur, det var visst i 2001? Eg likte godt ein som heitte Tresor (?) -trur eg det var. Elles er det lurt å kjøpe sett med småflasker-så kan ein kanskje finne ein favoritt?

    SvarSlett
  2. Bakgrunnen for innlegget var ein diskusjon eg kom inn i - men kvifor ikkje? No har eg reist såpass mykje siste året at eg ikkje har kunna kjøpt parfyme KVAR gong eg var på taxfree, men det er absolutt ein kjekk del av reisa. Kunsten er å teste ut tlike lukter på utreise og handle det beste valet på heimreisa. Ein god parfyme skal vere god også etter to, tre timar...

    SvarSlett