søndag 10. mai 2009

Bok 28 2009: "Kneleren" av André Brink


Eg har allereie i tidlegare innlegg røpa at eg har ei viss begeistring for afrikansk litteratur, noko som begynte då eg studerte engelsk i Kristiansand på slutten av 1980-talet. Ein av professorane der, Peter Young, var spesielt oppteken av engelsk renessanselitteratur og nyare afrikansk litteratur, og hans entusiasme var smittande.

Den gongen las vi "An Instant in the Wind" ("Gribbenes land") av André Brink - ei gripande og dramatisk forteljing om ei vandring gjennom ørkenområde i Sør-Afrika. "Kneleren" er ei heilt annleis bok, men eg har likt den veldig godt. Handlinga er lagd til misjonsmiljø i Sør-Afrika rundt år 1800, og ein møter menneske som lever i ei brytingstid mellom gamle tradisjonar og religionar i tillegg til den nye trua. Her er menneske frå Afrika og Europa, og synsvinkelen vekslar mellom desse slik at skilnader i logikk og kultur vert levandegjord. Spesielt underhaldande er hovudpersonen, Cupido Cockroach, sine brev til "høyst ærede pastor Gud".

Nils Ole Oftebro les på lydbokversjonen, og det har vore ei fryd å høyre på han.

2 kommentarer:

  1. Som vanleg er vi ganske samde om kva som er god litteratur.Berre sjekk bloggen min!!!

    SvarSlett
  2. Ja, han les godt. Øya les Gisken Armand. Ho les også godt. Kneleren har eg veldig lyst å lese!

    SvarSlett