lørdag 2. mai 2009

To jubilantar 2. mai

2. mai fyller min Nevø nummer 5 tre år. Når ein ikkje møtest så ofte, blir det store endringar for kvar gong ein ser han. Biletet er frå sist jul - eg veit ikkje kvifor han ser så skeptisk ut på biletet, for han er vanlegvis ein blid og tillitsfull kar.

Den andre jubilanten som skal heidrast på bloggen min i dag, er ei god venninne her i bygda. På biletet er vi veldig blide - det må nemnast at det er henta frå sist vinklubb, og at det er teke etter dei meir "offisielle" bileta som er presentert på bloggen tidlegare. Vi var ikkje fullt så strålande tidlegare på kvelden...

Venninna er god å ha som samtalepartnar og ei hjelpande hand, og i bloggande stund ser eg fram til å feire henne laurdag kveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar