tirsdag 5. mai 2009

Litt reklame for Fugl Føniks





På Lystadhjørnet i Ørsta ligg ei lita perle av ein kaffibar. I dag var eg der igjen, saman med kollegavenninne m/baby. Kakene på Fugl Føniks er til å døy for, og kaffien er så god at annan kaffi burde skamme seg. Det skadar heller ikkje med ein åndsfrende som selskap, og verdas skjønnaste baby (biletet er ikkje heilt nytt, men dei er like fine enno). Eg takkar for laget og håpar på ein ny "date" om ikkje så lenge!

PS: Bileta er henta frå Internett - det ligg ikkje snø på gata i Ørsta no...

5 kommentarer:

  1. Sjølv tusen takk!! Åndsfrende var treffande, kan ikkje få det betre enn god kaffi, god kake og godt selskap. Ser fram til neste "date"!

    SvarSlett
  2. Heilt klart! Boka vi snakka om heiter forresten "Engelens spill"... Og vi må reise til Barcelona ein gong!

    SvarSlett
  3. Ja, fugl Føniks er bra! Berre ikkje klokka 12.00.No får vi forresten nytt bakeri i Ørsta, på gamle ØL-der ein også kan få kaffi.

    SvarSlett
  4. På Føniks sel dei for tida brød frå den bakaren!

    SvarSlett
  5. Sist eg var på Føniks kjøpte eg noko som heitte Blings;-trekanta dobbelt "rundstykke" UTAN seig skorpe. Det var godt.
    Men eg har ikkje fått Nils med meg inn dit. Enno.

    SvarSlett