torsdag 7. mai 2009

Liten mann med fleire hattar


Eg er omgitt av russ. Tysdag kom nokre av mine håpefulle og bad pent om å få sitje under pultane i den eine norsktimen. Kven kan motstå slikt? Og så sat halve klassen med ein finger i øyret timen etterpå. Dette er noko vi lærarar opplever kvart år, men det er første gong eg har opplevd at nokon spurde om lov.

I det nye "vrimlearealet" finst nokre sofa-modul-møblar der ein av delane er sirkelforma med eit hakk i, så den skal kunne setjast tett inntil ein sofabenk-del. I eit friminutt kom ein russ stormande etter meg med ein slik grøn sirkel-del medan ho laga rare lydar. Forklaringa fekk eg i dag: ein av knutereglane krev at ein leikar "packman" med krakken mot ein lærar. Eg lo godt då eg såg den assosiasjonen!

Minstemann er også russ 2009. Rosaruss, vel å merke. Han har (mellombels?) bytta ut cowboyhatten med russelue, og er minst like oppteken av knutereglar som dei raude. I dag hadde Russekullet plukka blomar til dei gamle som bur i same bygningen som Barnehagen held til, og dei fekk då piperensar-blome i dusken.

Det tek på å feire avslutning av barnehage og skulegang - ei eg lufta i går hadde somna midt i heildagsprøva, og de ser sjølve korleis det stod til med Minstemann i dag tidleg.

2 kommentarer:

  1. Det var no koselege knutereglar rosarussen hadde!

    SvarSlett
  2. Og så måtte eg inn på Nettet for å finne ut kva packman var...Og så måtte eg prøve litt.Det vart ingen success.Elles har eg abstinens når det gjeld manglande lesing.

    SvarSlett