søndag 2. oktober 2011

Kjekk laurdag, slækk søndag



Laurdag kveld besøkte eg ei venninne frå barn- og ungdom som eg har sett lite av siste åra, men som eg gong på gong har tenkt at eg burde treffe oftare. No kom høvet, og H inviterte meg på tapas og vin + ein lang kveld med skravling om mangt og mykje. Superkjekt!

Søndag vart såleis ein roleg dag for meg. Ungane herja ein del i ballbingen, og så gjekk vi med hundane inn i Mjeltvika (på den sida av Kilsfjorden det ikkje går E39, men berre ein smal grusveg). Det er ein flat og fin veg å gå, og ikkje spesielt langt. Etter turen leika ungane litt til i ballbingen, medan Barnefaren for i førevegen heim att for å lage middag.

No senkar freden seg etter ein nydeleg haustdag med sol og fin temperatur, og det er deilig å tenkje på at vi slepp å stå opp i gryotta i morgon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar