søndag 27. november 2011

Årets julebakst 2011?

Førejulstida er for meg synonymt med tentamensretting, ballett, gåvehandling og avslutningsfestar. Kakebakst er ikkje noko eg stressar med; ingen i familien er særleg begeistra for kaker, og vi synest ferdigkjøpte peparkaker er minst like gode som heimelaga. Viss eg plutseleg finn ut eg skal bake nokre sortar, er det fordi eg har lyst, ikkje fordi eg synest det må til. To sortar + karameller er i boks etter ein liten handel med Storegut.

6 kommentarer:

  1. Trur storegut får ta julebaksten for oss også. Eg har TID å bake, men veit ikkje om eg kjem til å prioritere det.
    I dag åt vi resten av balljen, tre balljdagar på rad med ulikt tilbehør. Men som eg har sagt før, det er ikkje kvart år eg lagar ballj.

    SvarSlett
  2. Eg og tek julebaksten heilt piano. Frøkna skal selje 30 boksar for Polentur ho og.
    Elles var det tomt for smør i butikken, så det får bli nokre magre variantar!
    Eg synest det er betre å satse på godt pålegg og gode dessertar når jula er der og ein har tid og lyst til å lage mat.

    SvarSlett
  3. Har Frøkna fleire sortar? Eg sa til Storegut at dei burde ha hatt sju sortar, såpass ein vart ferdige med "baksten". Vi et sjeldan kaker i jula, heller frukt, sjokolade, nøtter og godt pålegg.

    SvarSlett
  4. Godt pålegg, gode middagar ev.dessertar og frukt er meir enn godt nok for meg.Har både fruktkake og Mor Monsen i frysaren frå i fjor.Småkaker kan ein kjøpe både her og der-men vi vil no gjerne handle med barnebarna.

    SvarSlett
  5. Nybakt grovbrød med syltaflesk og raudbetar er min favoritt.

    SvarSlett
  6. Her blir det ikke bakt, rett og slett fordi jeg ikke har noen komfyr ;)

    Ta en titt her, kanskje du vil bli med?

    http://www.egedenne.com/2011/11/introduser-din-blogg.html

    SvarSlett