lørdag 12. november 2011

Bok 81 2011: "The Curious Incident of the Dog in the Night-time" av Mark Haddon

15 år gamle Christopher har Aspergers syndrom, ein type autisme som gjer det vanskeleg å skjøne seg på andre menneske. Ein dag finn han naboens hund drepen i hagen, og Christopher begynner å leike detektiv, inspirert av sin store helt Sherlock Holmes. Han skriv dessutan i ei bok om det som skjer, og Haddons roman er den boka. Vi får såleis eit innblikk i korleis verda kan fortone seg for ein autist, noko eg fann fascinerande. Boka er dessutan både spennande og gripande.

Vi bruker læreboka "Experience" i engelsk på VG1-nivå, og der finst eit utdrag av denne romanen. Vi hadde lydboka på engelsk på skulebiblioteket, og eg tenkte eg skulle lese heile boka før vi jobba med utdraget i klassa mi. Opplesaren verkar ung, noko som gjer lydboka meir autentisk. Nokre vaksne stemmer er lagt til med dialog, og her er òg ein del lydeffektar. Eg trur denne boka kunne ha fungert godt som pensum for ei klasse på VG1-nivå, og lydboka kunne ha vore spelt av i klasserommet. Eg trur i alle fall eg skal spele av noko av den når vi les utdraget i læreboka. Det er såpass lett å følgje med i boka at den engelske versjonen kan fungere for dei fleste lesarar med litt engelskkunnskap. For dei som vegrar seg mot engelske bøker, skal boka kunne finnast på norsk med tittelen "Den merkelige hendelsen med hunden den natten".

3 kommentarer:

  1. Høyrest interessant ut. Forlenga lånefristen til bøkene du fekk vidarelåne med meg. Eg kosar meg med Bok 2 no(Marakami).

    SvarSlett
  2. Viss du vil prøve deg på engelsk lydbok, kan du rippe den.

    SvarSlett
  3. Veit ikkje om eg har guts til å starte opp med å lese lydbok på engelsk. Engelsken min er ikkje særlig god.På papir kunne det kanskje gått....

    SvarSlett