onsdag 2. november 2011

Jobb på fri-onsdag

Sidan eg er kontaktlærar, måtte eg i dag stille på jobb i samband med ei stor satsing på psykisk helse blant ungdom - det såkalla VIP-prosjektet. Emnet er både viktig og alvorleg, og i dag var det fagfolk som skulle leie seansen i klassane. Vi kontaktlærarane var der mest for å lytte, så vi kan bruke økta som referanse seinare.

Veslejenta hostar framleis, men ho var med på jobb sidan ho hadde skulefri. Minstemann var òg med. Dei fekk rigge seg til med DVD-spelar og kanon på eit klasserom medan eg var saman med klassen. I ein pause mellom øktene fekk vi dessutan tid til å stikke innom ein møbelbutikk for å kike og få rettleiing. Vi reiste derifrå med ein bunke brosjyrar, og ut på nyåret satsar vi på å handle.

Vi tok 15.30-ferja, henta Storegut på konfirmasjonsførebuing i kyrkja og for deretter heim til klokka var 16.30. Då gjekk sola ned bak fjella.

2 kommentarer:

  1. Denne utsikta kjem du kanskje til å sakne? Men den er no der !

    SvarSlett
  2. Eg likar aller best utsikt mot storhavet. Sånn sett burde eg flytte til Flø...

    SvarSlett