lørdag 5. november 2011

Laurdagsjobb

I dag sette vi alle klutar til, bokstaveleg tala, og vaska og rydda andre etasje skikkeleg grundig. Eg hadde fått besøk av ei kjøtmeis på soverommet i dag tidleg, og det er utruleg kor mykje ein liten fugl kan rote på ei lita morgonstund. Ungane rydda og vaska sine eigne rom, og som vanleg fekk eg fylt opp vaskemaskina etter at dei var ferdige.

Minstemann og eg tok oss ein biltur av stad for å forhandle om nokre møblar, og etterpå gjekk vi oss ein tur ut for å få i oss frisk luft medan Storegut støvsugde i første etasje. På heimvegen møtte vi på naboguten, så då enda Minstemann på kompisbesøk. Eg gjekk meg ein tur aleine før eg kjørte Storegut på besøk til ein av hans kompisar. Veslejenta er framleis sjuk, og resten av ettermiddagen låg ho rett ut medan eg sat med ein rettebunke.

Eg gjekk av stad og henta Minstemann, laga lasagne og fekk i dei to små ein stor porsjon mat kvar før dei inntok ein enda større porsjon laurdagsgodt.

Det har gått i retting (ferdig 21.15, då eg oppdaga at eg mangla to utskrifter), TV og data utover kvelden. Vi kosar oss, men det er trist med henne som ligg rett ut og hostar. I dag trur eg ho har halde seg vaken det meste av dagen, og det er sikkert eit godt teikn.

1 kommentar:

  1. No har ho vore sjuk i over ei veke-dei seier ei forkjøling vanligvis tek 14 dagar, men ein er ikkje like sjuk heile tida. Denne forkjølinga har vore som ei influensa, men utan (særlig) feber.
    Får håpe ho kjem seg føre i løpet av morgondagen.

    SvarSlett