fredag 4. november 2011

Med vaffelhjarta på rette måten

Veslejenta er sjuk. Ho ligg rett ut på sofaen og jamrar i søvne, hostar og er slapp. Appetitten er så som så.

Sidan eg hadde høve til å stele meg til ein rask retrett til heimen, vart det til at jenta var aleine heime ein del av dagen medan eg var på jobb. Då eg kom heim hadde ho ikkje smakt matbiten, og eg greidde å freiste henne med eit karbonadesmørbrød. Seinare laga eg vaflar med meierismør og rømme (i og på), men det greidde ho ikkje å få i seg.

Vi andre meska oss med vaflar før Barne-tv, der serien Vaffelhjarte er blitt ein stor favoritt. I serien et dei alltid opp vaflane sine, men det gjer vi aldri her i huset, sjølv om eg prøver å lage ei lita røre.

2 kommentarer:

  1. Trasig at A. ikkje er frisk enno, men vi får håpe ho kjem sterkt igjen. Det var ei hard forkjøling, det veit eg av eiga erfaring, men når eg først var bra-ja, så var eg bra.

    SvarSlett
  2. Slike sykjer er trasige når dei står på, men dei går over! God betring!

    SvarSlett