lørdag 9. mars 2013

Bok 16 2013: "I eventyret" av Olav Duun

I denne boka i serien om Juvikfolket vert vi kjende med Odin. Han vert fødd utanfor ekteskap, og mora sender han frå seg når han vert sju år for at han skal arbeide som gjetar. Vi vert kjende både med fosterforeldra, den biologiske faren, mora og stefaren, og Odin slit med å finne sin rette plass i samfunnet blant alle desse vaksne. Mot slutten av boka er han ung vaksen, og eg reknar med vi skal følgje han vidare i neste bok.

Av dei bøkene eg har lese til no i serien, er dette den beste. Odin er ein gut det er lett å kjenne sympati for, og han vert utsett for mykje hjarteskjerande trist fordi han er fødd utanfor ekteskap.

5 kommentarer:

  1. Aversjonen mot Duun fekk eg på gymnas då vi las denne boka, eller utdrag av den. Eg var sikkert ikkje moden for den. 16 år !

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg synest Duun gjer seg godt på lydbok

      Slett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  3. try these out click reference click here to find out more from this source read this post here click this link here now

    SvarSlett
  4. visit this web-site this contact form webpage my website More about the author find out here

    SvarSlett