tirsdag 19. mars 2013

Bok 19 2013: "Jeg nekter" av Per Petterson

To menn i femtiåra møtest tilfeldigvis på ei bru. Det viser seg at dei har vore kompisar, men at dei ikkje har sett kvarandre på meir enn tretti år. Den eine er shabby kledd, medan den andre kjem køyrande i Mercedes, og han kommenterer at ting er blitt akkurat omvendt.

Pettersons bok fortel om bakgrunnen og oppveksten til desse gutane. Mykje av det er sårt og vondt, men forfattaren skriv i den vanlege, litt kvardagslege, stilen som han er så kjend for. Boka får såleis eit vemodig og melankolsk drag, heller enn djup tragedie. Hovudpoenget, slik eg ser det, er at livet ikkje blir slik ein forventar.

Når eg les Pettersons bøker som lydbøker, endar eg som regel opp med å høyre om att den siste cd-en, eller leite rundt i coveret for å sjå om der er ein cd til. Det kjennest nemleg som om eg har gått glipp av eit sluttpoeng eller ei oppklaring. Bøkene er skrivne med ein slags open slutt, og eg blir derfor litt skuffa når dei er slutt. Dette har med mine forventningar som lesar å gjere, ikkje med kvaliteten på bøkene til petterson, for han er verkeleg ein stor forfattar.

Artikkel om boka her

2 kommentarer:

  1. Det med dei opne sluttane,kan vere irriterande, men også engasjerande. Forresten er heile teksten nokså open, noko som eg likar godt. På den måten blir ein "meddiktar". I denne teksten vil ein uvilkårlig grunde på kvifor den eine av gutane greidde seg så bra, den andre ikkje-t.d. På den måten er ein ikkje ferdig med boka om ein har lese den ferdig.

    SvarSlett
  2. Når ein har lese fleire bøker av forfattaren, er ein på ein måte budd på at det er slik det skal vere.

    SvarSlett