søndag 10. mars 2013

Vassenden, Olavskjelda og Kilskrossen

Sidan Storegut overnatta hos ein kompis på Bjørkedalen i natt, var det berre dei to yngste og eg som la ut på tur i dag. Først parkerte vi på rasteplassen der ein går innover mot Kilskrossen, deretter gjekk vi over brua og opp ein skogsveg til høgre. Den er merka "Vassenden" og fører fram til eit par hytter ved Bjørkedalsvatnet. Vi hadde aldri vore der før, og det er alltid spennande med nye stader.










Etterpå gjekk vi inn til Kilskrossen. På vegen dit stogga vi ved Olavskjelda, der isen låg tjukk på vatnet og innbaud til steinkasting og steincurling.

Det er mogleg å kose seg utan ski, men eg lengtar etter å kunne legge av garde i snø og sol.

3 kommentarer:

  1. Og eg har sakna snø og sparkeføre i alt finevêret.Det er meldt snø i morgon og tysadag og full sol på onsdag, så det er håp.

    SvarSlett
  2. Det blir kanskje skidag med jobben på onsdag. Eg skal passe ein hund, så med meg blir det turgåing uansett.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett