onsdag 21. august 2013

Bok 54 2013: "En sang fra fortiden" av Katherine Webb

Dette er ein roman i den sjangeren som er blitt så populær siste åra, og som eg ikkje veit kva blir kalla. Utgangspunktet er ei historie frå notida, der personane har noko uavklara i fortida dei prøver å nøste opp i. Gåtene frå fortida vert avdekt både gjennom samtalar med gamle personar og gjennom ei parallell handling, og det er romantiske og melodramatiske hendingar som får følgjer for personane i notida. Ein kan seie det så enkelt som at personane i notida leitar etter forklaringar i fortida, men endar opp med å finne ut kven dei sjølve er.

Zack driv eit kunstgalleri, er skild og har eit barn han får sjå altfor sjeldan. Då han blir fascinert av bileta til ein bestemt kunstnar, reiser han til Dorset for å finne ut meir om kunstnaren og samle stoff til ei bok om han. Parallelt går vi attende til 1930-talet og får høyre om livet til denne kunstnaren og menneska rundt han.

Boka er til tider spennande, men mykje er føreseieleg og langtekkeleg. Dette er ingen stor litteratur, men grei underhaldning.

1 kommentar:

  1. Eg har lese ein stad at denne sjangeren heiter "Den nye dameromanen". Take it or leave it. Det er underhaldning, og denne boka er ikkje den verste-eller beste.

    SvarSlett