lørdag 17. august 2013

Frøskaret (og nesten Felden)


Eg har lenge hatt lyst til å gå opp på fjellet Felden, som ligg mellom Laurdalen i Bjørkedalen og Sanden i Dalsbygda. I dag kom eg meg nesten dit, men måtte snu midt oppe i ura fordi det begynte å regne og blåse, og fordi eg fekk eit anfall av høgdeskrekk.

Ting du ikkje seier til ein person med høgdeskrekk:
  • Ingen av steinane er heilt faste, det er ei ur
  • Eg har gått her før, men eg kan ikkje hugse denne ura
  • Skal ikkje du sjå på utsikta?
No er eg trygt heime, takk og lov, i mitt rette element: godstolen. 

1 kommentar:

  1. Eg likar ikkje at folk går opp i farlige fjell og urar, så eg er glad du snudde i tide. Det er ingen skam å snu!

    SvarSlett