torsdag 15. august 2013

Min beibi dro avsted

Så var dagen komen: Eldstejenta og Venninna reiser til Kristiansand for å gå på hudpleie-skule. 25 år etter at Gamla sjølv reiste til Kristiansand for å studere engelsk. Den gongen grein eg heile vegen til Stryn, fordi det brått gjekk opp for meg at eg skulle reise heimanfrå på noko anna enn ferie. Eg angra aldri på at eg reiste dit, og åra der nede var veldig gode både fagleg og sosialt, noko eg håper vil bli resultatet av skulegangen til jentene òg. Det er sjølvsagt trist og rart at dei skal vere så lenge og langt borte, men vi kan halde kontakten på ein langt enklare måte enn vi kunne i 1988, då breva heimanfrå var høgdepunkt i kvardagen. Eg ser allereie fram til å få høyre om korleis det går med dei, korleis leilegheita ser ut og korleis medelevane er. Så får vi legge ein slagplan om besøk eller heimreise når det lid litt på.

1 kommentar:

  1. Og så får heile slekta halde kontakt med henne på nett! Vi har nyleg vore med på ei reise jorda rundt.

    SvarSlett