fredag 2. august 2013

Regnvêr og nostalgi

Farmor Fredrikke Johanna (kalla Johanne) og farfar Rasmus Martin Elias
Vêret er ikkje all verda å skryte av for tida, men det er nok å ta seg til inne. Vi har mellom anna snakka mykje om slekt siste dagane, etter at det kom opp som tema på eit besteforeldrebesøk. "Besta" har sendt meg ein del scanna bilete på mail, og eg deler dei no med blogglesarar fjern og nær. Det rare med gamle bilete er at ein plutseleg ser noko kjent i eit blikk, eit smil eller ei spesiell form på eit øyre, til dømes. Bortsett frå bestemødrene mine har eg ikkje noko minne om desse menneska anna enn gjennom historier formidla av familien.
Mormor Amanda Margrete

Morfar køyrer, mor hans sit aller bakerst på sjåførsida

Morfars mor Hilda Marie


Morfars stefar Eivind

Morfars mormor Ellen, som var så lita at ho måtte stå på ei kasse for å nå opp til telefonen

Morfar Storm Wilhelm

Morfars far Olaus med morfar på fanget

3 kommentarer:

  1. Du og søskena dine hadde ikkje besteferdrar i live, det synest eg er litt trist. For meg er det litt vemodig å sjå bilde av dei eg kjende og hugsar,ser likheita mellom Nils og faren i munnpartiet, og mamma har jo gitt begge namna sine vidare til to generasjonar. Heldigvis har Svein forska mykje på slekta, og eg skal prøve å fortelle det eg hugsar, litt om senn.Så lenge som nokon vil høyre......

    SvarSlett
  2. Ja, eg ser mykje Pappa i det lure smilet til farfar. Og så må eg smile litt av biletet av morfar, for han ser så mild og snill ut at namnet umogleg kan ha passa særleg godt. Ungane her synest dei ser noko av nummer 3 på Hareid i blikket hans, forresten, men det kan no vere at bileta lyg, det veit vi ikkje. Eg morar meg litt over å sjå at både morfar og Ellen hadde slike øyre som Storegut her i huset, med ein liten "knørv" øvst. Det kan ha forekome i fleire av slektene hans, men ein veit no aldri kvar genmaterialet kjem frå.

    SvarSlett
  3. Eg brukte å få høyre at eg var lik pappa, men hadde mamma sine fargar. Eg hugsar ikkje pappa slik som på bildet, for der er han ganske ung. Han hadde heilt lyseblå auge, like lyse som farmora di.Mens mamma sine var brune og håret hennar nesten svart.
    Farfaren din var mørk i håret, med blågrå auge.Farmor var lys i håret. Dei andre har eg ikkje sett-eller berre etter at dei var gamle.

    SvarSlett