søndag 11. august 2013

Side i Tyrkia 2013

På Vigra før avreise


Vi har nettopp kome attende frå ei vekes tur til Side i Tyrkia - ei veke som mest innebar bading, men òg ein tur til sentrum av Side, der ruinar frå 100-talet ligg lett tilgjengelege og for det meste utan gjerde rundt. Vi levde godt og lettvint med "all inclusive" på hotellet, som dessutan låg rett ved stranda og hadde fleire basseng. Gamla er ikkje så stor, men kan ete store porsjonar, og badevekta kunne fortelje at tre kilo hadde snike seg på siste veka. Dei fær nok fort av no når eg er attende i eit kaldare klima, skritt-teljaren er på plass og eg må lage maten min sjølv.

Takk til ungane, som var eit fantastisk turfølgje! Eldstejenta flyttar snart, derfor var det ekstra stor stas å kunne reise saman heile familien.














3 kommentarer:

  1. Håper du får behalde dei tre kiloa, du kler dei!

    SvarSlett
  2. Det ser og høyrest herleg ut! Sikkert litt av ein overgang å kome heim til "kulde" og regnver.

    SvarSlett
  3. Ja, i dag har eg sett på varmepumpa og leita fram fleecejakke og tjukkelestar.

    SvarSlett