torsdag 21. november 2013

Bok 70 2013: "Sjur Gabriel" av Amalie Skram

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har lese denne boka, og eg trur eg las den første gong då eg gjekk på vidaregåande. Elles veit eg heilt sikkert at eg skreiv eksamensoppgåve om den i 1991, då eg studerte nordisk grunnfag. 24 handskrivne sider om naturalistiske trekk i romanen, og eg kunne godt ha skrive meir. Seinare har eg lese boka saman med elevar nokre gonger, men det var no ein del år sidan sist.

bokhylla.no er ein nettstad der ein kan lese heile verk gratis på skjerm, og det har elevane mine no gjort saman med meg. I tillegg høyrde vi på lydboka, som er ei fantastisk god innlesing frå 1967. Eg trur elevane ville hatt problem med å lese ei heil bok på skjerm utan lydbok, sjølv om denne er relativt kort. Faktisk er den på under 70 sider, så her er dramatikken temmeleg komprimert!

"Sjur Gabriel" er noko av det mest dystre og tragiske ein kan lese, og den burde derfor vere interessant også for dagens ungdom. Etterarbeidet skal innebere arbeidsoppgåver og klassediskusjon, der vi mellom anna skal drøfte kor vidt vi synest dette er eit godt utgangspunkt for ein musikal.

4 kommentarer:

  1. Vil virkelig anbefale dei, som enno ikkje har gjort det ,å lese heile Hellemyr-serien på lydbok. Berre heilt fabelaktig. Eg har sjølvsagt lese heile serien både på papir og som lydbok.(Pensum på DH)

    SvarSlett
  2. Eg las dei om att nyleg, og må berre seie at eg er imponert. Det er litteratur som står seg.

    SvarSlett
  3. Ja, eg vart like fengsla denne gongen som eg har vore tidlegare, men det står att å sjå korleis 18-åringar i 2013 likar boka. Der er i alle fall nok dramatikk.

    SvarSlett
  4. Seier som eg har sagt ørten gongar før: Amalie Skram har aldri fått den æra ho fortener. Kanskje var ho "forut" si tid. Musikal?
    "Les Miserable de Norvege" ? (Her manglar sikkert nokre aksentar)

    SvarSlett