torsdag 21. november 2013

Boknatt i Ivar Aasen-tunet

Onsdag kveld var eg av garde på eit arrangement i Ivar Aasen-tunet. I tillegg til folkemusikaren Jorun Marie Kvernberg, som fortalde, spelte fele og song, fekk vi høyre tre forfattarar lese frå dei nyaste bøkene sine og bli intervjua av Geir Hjorthol. Først ut var Øystein Orten. Eg likte godt boka hans "Rasmus Rebellen" då eg las den for litt sidan, og intervjuet var òg svært interessant. Han snakka ein del om metodane han hadde brukt i skriveprosessen, og om utfordringar ved å skrive historiske romanar. Neste forfattar var Agnes Ravatn, som hittil har vore eit ukjent namn for meg. Ho snakka om boka "Fugletribunalet", og eg fekk svært lyst til å lese både den og fleire bøker av forfattaren. Sist ut var Ragnar Hovland, og opplesinga hans var først og fremst svært morosam. Den nyaste boka hans er rett og slett ei samling e-postar han sende til kollegaene sine medan han arbeidde i Samlaget. Intervjuet etter opplesinga tok føre seg essay som Hovland har skrive tidlegare, mellom anna om ironi. I tillegg snakka han ein del om boka, og om kvifor den kom ut.

Det vart ein svært variert og interessant kveld på Aasen-tunet, og salen var nesten fullsett.

1 kommentar:

  1. Skulle hatt lyst å vore der, men med min rygg er det problematisk å sitte i "forsamlingar" for tida. Kjekt at det var vellykka.

    SvarSlett