tirsdag 26. november 2013

Dagens outfit

Minstemann har fått seg ein ny hobby. Det vil seie: han har vidareutvikla ein tidlegare hobby, der han teikna masker og klipte ut. No lagar han seg full mundur med rustning, hjelm og gassmaske av kartong og gaffatape. Det vert klipt, målt og prøvd, og i bloggande stund har han teke til med å lage våpen.

Mora hadde vaska huset og hadde tenkt å ordne litt til jul, men her står kreativiteten i høgsetet. Dette medfører papp-bitar over halve stova, tapebitar og limtuber og gudane veit kva. Guten er totalt oppslukt og bruker time etter time på arbeidet, og mora er frykteleg stolt og glad over den kreative poden.

Baking, vinduspuss og nedvask er strengt tatt ikkje så viktig sett i høve til det å kunne finne på noko nytt og altoppslukande heilt på eiga hand.

2 kommentarer:

  1. Heilt enig der. Eg var nok i yngre år litt for oppteken både av vindus-og golvvask.Vi var vel den første-og siste generasjonen som skulle vere perfekte husmødrer i tillegg til jobben.

    SvarSlett
  2. Eg likar å ha det reint og ryddig, men av og til er andre ting viktigare.

    SvarSlett