torsdag 1. mai 2014

1. mai 2014: "I dag står flaggstangen naken"?

Då eg spurte ungane om vi skulle finne på noko kjekt på fridagen, viste det seg at to av dei var inviterte i selskap. Til ulike tider, såpass mora fekk fire tidspunkt å forhalde seg til.

Vi hadde handla inn grillmat, så menyen var klar. Regn, fire varmegrader og vind stogga oss ikkje frå å grille, men vi åt inne. Storegut fekk lærekøyre eit par turar til Folkestad, og Gamla gjekk seg ein tur der mellom slaga. Det var mange nakne flaggstenger i bygda, noko eg synest er eit sørgjeleg syn. Sjølv om eg ikkje fekk høve til å feire dagen skikkeleg, skulle eg meir enn gjerne gått i tog både med tanke på eiga fagforeining og internasjonal solidaritet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar