tirsdag 18. november 2014

Bok 94 2014: "Harpesang" av Levi Henriksen

Ein plateprodusent er gjest i ein barnedåp, og i kyrkja blir han overvelda av den vakre songen til tre eldre søsken. Det viser seg at søskenflokken har vore artistar tilknytt pinsekyrkja, og eg-personen bestemmer seg for å prøve å få gitt ut ei plate med dei. Det viser seg at særleg broren er ein sær og vanskeleg type, og vi får innsyn i både hans liv og livet til systrene.

Eg plar like bøkene til Levi Henriksen. Han har ein lågmælt og sår skrivemåte - ei diffus skildring, kanskje, men eg finn ikkje betre ord - og denne stilen vert forsterka når han sjølv les på lydboka. Dette er ei rørande bok som eg kjem til å hugse godt, trass i at handlinga ikkje er spesielt dramatisk eller spektakulær.

Det einaste negative eg har å seie om lydboka, er at dei godt kunne ha kutta ut musikkinnslaga. For det første fordi søskenflokken song finare i min fantasi, og for det andre fordi nokre av oss lydboklesarar les på senga og somnar, og då er det ikkje så kjekt å vakne av song.

4 kommentarer:

  1. Betre at dei syng enn at dei plystrar!

    SvarSlett
  2. Kjekt at du har bytta bilde på bloggen. Likte ikkje så godt "soldaten frå Afganistan".

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg måtte nesten ha med eit bilete av Charlie, sidan han er så sentral på bloggen elles...

      Slett