søndag 22. mars 2015

Kyrkjekaffi og korpsbasar

Søndag vart det (heldigvis) noko grått vêr. Gamla begynte dagen friskt med å gå på gudsteneste og kyrkjekaffi saman med Veslejenta. Etter det vart det ein del øving, rydding og pakking før vi for på korpsbasar. Veslejenta debuterte som "solist" saman med ei anna jente (kan det likevel heite solist?), og i tillegg song og spelte ho og Storegut eit par songar - deriblant Beatles-songen "I've just seen her face". Eg driv enno og plagar ungane med Beatles' samlede på CD i bilen mellom anna når vi lærekøyrer, så det varmar mammahjartet litt ekstra når ungane vert påverka.
The winner is....

3 kommentarer:

  1. Kjekt å få sjå klippa på youtube! Dei er kjempeflinke!

    SvarSlett
  2. Det er sant, som eg har høyrt, at søsken har stemmer som harmonerer godt med kvarandre ! Gler meg til dei skal synge Beatles. Særleg Blackbird.

    SvarSlett
    Svar
    1. "I've just seen a face" var for meg ein ukjend Beatlessong før eg såg skulemusikalen. Beatles var innom mange sjangrar, også countrymusikk.

      Slett