onsdag 16. september 2015

Bok 85 2015: "Sanger til Willow Frost" av Jamie Ford

Denne boka har eg sett stå i bibliotekhylla mange gonger utan å låne den, fordi eg har trudd at eg har lese den før. Eg er framleis usikker på det, for dette er etter mitt syn ei bok som ein lett vil gløyme.

Ein gut veks opp på barneheim, og ein dag ser han ei kvinne på ein kinofilm som har er skråsikker på er mora hans. Guten prøver å leite opp kvinna, medan vi parallelt får høyre hennar historie.

Handlinga er ikkje keisam, men boka manglar spenningstoppar, på eit vis. Ein les vidare for å høyre korleis det går, men det heile blir noko pratete i lengda. Mykje kunne ha vore betra ved å stramme opp komposisjonen. 

1 kommentar:

  1. Eg tykte boka var "dritdårlig" for å seie det på dårleg norsk. Men eg likte heller ikkje "Hotellet......"

    SvarSlett