tirsdag 15. september 2015

Med Aktive Fredsreiser til Polen og Tyskland

I 2008 følgde eg Eldstejenta, medan Storegut vart følgd av faren i 2012. No har eg følgt Veslejenta på tur, og det må eg seie var ein særs vellukka tur på mange måtar. Reiseleiaren var ei svært tydeleg og kunnskapsrik dame som vi alle vart glade i frå første stund. Kjemien med dei to andre skulane var god, og alle ungdomane oppførte seg eksemplarisk. Vi var over 70 personar i bussen, noko som kravde sitt, men kjemien fungerte fint mellom dei vaksne òg. Frå Folkestad reiste 14 elevar og 14 vaksne, så vi hadde rikeleg hjelp og vaksentid.

Reisemåla var som sist eg reiste: Auschwitz/Birkenau, Saltgruvene i Krakow, fritid i Krakow, Tropical Islands, Stasifengselet i Berlin, rundtur i Berlin, Sachsenhausen og Ravensbrück. På Kielferja opp att var det country cruise, så vi fekk med oss eit show med Vassendgutane for liksom å toppe det heile.
Kort møte med Eldstejenta i Oslo før avreise
Nydeleg solnedgang på Kielferja

Første hotellrom var gigantisk

Auschwitz Birkenau

Sanitærbrakke i Birkenau



Ruinar av eit gasskammer

Utstilling av bilete frå album i bagasjen til jødar som vart drepne i leiren




Huset til kommandant Rudolf Höss midt i biletet

Galgen der Höss vart hengd

Eit rekonstruert gasskammer

Noko av skosamlinga i Auschwitz I


10. klasse
Katedralen nede i saltgruvene i Krakow



På veg opp til Wawelborga i Krakow




12 av dei 14 vaksne



Hest og vogn i Krakow var noko eg hadde drøymt om





Frå den jødiske bydelen, sett frå hestevogna


Litt av bymuren

Shopping

Folkloregruppa

Tropical Islands



East side Gallery

Frå stasifengselet

Stasifengselet


Alexanderplatz


Marx og Engels




Hitlers veranda til venstre

Til minne om brenninga av bøker


Trabantutstilling
Minnesmerke om drepne jødar

Politiske markeringar ved Brandenburger Tor



Minnesmerke over dei drepne politikarane i Weimarrepublikken

Riksdagsbygningen

Samlingsplassen på Kurfürstendamm
Sachsenhausen




Gutane og mennene la ned roser ved minnesmerket over dei norske fangane

Skulptur i Ravensbrück




Skytega¨ngen i Ravensbrück

Rosebedet er planta over ei massegrav



Etter roseseremonien ved Tårenes sjø

Huset til kommandanten, like ved fangeleiren

Førstepremien i kunnskapskvissen på heimveg


4 kommentarer:

  1. Bildet med skoa er av ein eller annan grunn det mest gripande. Fine bilde! Og Vassendgutane på Kielferja! Det måtte no vere til ære for sunnmøringane.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var heilt tilfeldig at vi tok båten akkurat når det var country cruise, ei heil helg med countrymusikk på båten. Litt festleg klientell, men veldig artig å vere på konsert.

      Slett
  2. På meg gjorde familiebilda dei hadde med seg, sterkast inntrykk ...

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, på meg òg, denne gongen. Første gongen eg var der, var det koffertane som verka sterkast.

      Slett