tirsdag 3. november 2015

Bok 95 2015: "Mormor danset i regnet" av Trude Teige

Vi møter tre generasjonar med kvinner i denne boka, gjennom at den yngste finn ut sanninga om fortida til mora og mormora. Det meste på det planet av romanen er føreseieleg og klisjéfylt. Det som likevel gjer romanen verd å lese, er at den tek føre seg ein del av etterkrigshistoria som ikkje er så kjent, nemleg korleis det var i Tyskland like etter krigen og korleis russarane oppførte seg mot tyskarar i 1945.

Trude Teige baserer boka på faktiske hendingar, og eg trur eg ville sett større pris på ei dokumentarbok. Dette er ein lettvektar av ein roman, men den kan kanskje når ut til eit større publikum enn ei dokumentarbok ville ha gjort.

1 kommentar:

  1. Ikkje stor litteratur, er enig i det du skriv. Dessutan gjer forfattaren det eg vil kalle ei stor flause når ho skriv om strømpebukser-rett etter krigen. Strømpebukser for damer var ikkje vanleg før etter 1960. Men-- eg trur fleire les boka når den er skjønnlitterær enn om den hadde vore dokumentar.

    SvarSlett