onsdag 10. februar 2016

Bok 11 2016: "Marsfioler" av Philip Kerr

Dette er den første boka i ein serie som vert kalla "Berlin Noir-trilogien", men så vidt eg har funne ut,
er det den einaste i serien som har kome ut på lydbok. Dette er eit ganske typisk fenomen, og eigentleg litt irriterande. Kunne ikkje forlaget ha venta med å gi ut den første til alle tre var klar?

Uansett. Boka er ein god, gamaldags detektivroman frå Hitlertyskland, skrive i eit svært direkte språk. Noko som særmerkar språket, er dei morosame språklege samanlikningane forfattaren krydrar med. Eit døme kan vere "ivrig som et dopet dovendyr". Noko eg derimot ikkje likte med boka, er at den rotar inn livet i KZ-leiren Dachau. Det synest eg vart hakket for mykje, men det kan hende det går bra dersom ein les heile trilogien. Det er eg usikker på om eg kjem til å gjere.

2 kommentarer:

  1. Eg har nyleg lese boka, men alt greidd å gløyme mykje. Dessutan er eg ikkje så inne i HISTORIA som du.Enig i det du skriv om trilogiar.

    SvarSlett
  2. Då eg søkte på bloggen min fann eg ut at eg også las boka sommaren 2009- Lurer på om eg ikkje hadde ei lita kjensle av å ha vore borti den før ?????

    SvarSlett