tirsdag 28. juni 2016

Ingen stor dag for demokratiet

Etter eit knapt fleirtal for folkerøysting om kommunesamanslåing sette nokon alle klutar inn for å få vedtaket omgjort. Derfor vart det i dag arrangert ekstraordinært kommunestyremøte, der vedtaket frå 16. juni vart omgjort. Toppen av farsenivå vart nådd då forslagsstillaren frå sist sa at han hadde stilt forslaget sist fordi han prinsipielt meiner det er rett med folkerøysting, men han hadde ikkje trudd forslaget ville få fleirtal.

Eg er stor motstandar av politisk taktikkeri, og meiner det einaste rette er å stemme slik ein meiner er rett. Eg meiner veljarane burde få seie sitt i ei folkerøysting, og synest det er svært uheldig at den andre kommunen pressar fram eit svar som går på tvers av dei demokratiske prosessane dei fleste ønskjer. Det lovar ikkje godt for eit eventuelt samarbeid i framtida.

2 kommentarer:

  1. Dette er ikkje demokrati. Saka har vorte særdeles dårleg handsama av ordførarane- det er vel dei som har ansvaret? til sjuande og sist. Men du har ikkje late deg presse, så du kan i alle fall vere nøgd med deg sjølv. dette er ei flause.

    SvarSlett
  2. Eg har valt å halde ein lav profil i saka, for ikkje å dolke eigen ordførar og partigruppe i ryggen. Hadde dei låst gruppa, ville eg ha gått på talarstolen. Viss eg skal vere med som stemmekveg, skal eg i alle fall raute når eg vil.

    SvarSlett