søndag 2. oktober 2016

Bok 78 2016: "Grevinnen" av Margit Söderholm

Eg fekk for ei tid sidan anbefalt Hellesta-serien av Margit Söderholm i ein diskusjon i ei facebookgruppe, og bestilte straks dei første bøkene i serien på nettstaden til det lokale biblioteket, der eg er ein hyppig gjest. Allereie neste dag fekk eg sms om at bøkene kunne hentast. Då eg møtte opp på biblioteket, syntest bibliotekarane at det var litt rart at eg ville låne dei bøkene, som hadde lege i arkivet på biblioteket i nabobygda. Bøkene var visst svært populære for mange år sidan, men ikkje i nokon sjanger eg vanlegvis plar lese. Bibliotekarane hadde diskutert seg imellom kor vidt eg hadde tenkt å lese bøkene, eller om eg lånte dei til ein elev som skulle skrive oppgåve. 

Vel, no har eg kosa meg med "Grevinnen", den første boka i serien. Den handlar om ei jente på 16 år som blir gifta bort til ein mykje eldre mann, om kjærleik utanfor ekteskapet, om drap og sjukdom og ikkje minst om to søner med ulik far. Det er kanskje melodramatisk til tider, men i ein travel kvardag er det kjekt med nokre lettlesne, dramatiske bøker som rein underhaldning òg. Eg kjem i alle fall til å lese fleire bøker i serien!

2 kommentarer:

  1. Du treng sikker å slappe av med litt lett og enkelt stoff innimellom all pensumlesinga.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er no kjekt å ha noko å skulde på, i alle fall. Uansett synest eg at eg lærer litt om overklassen i Sverige på tidleg 1800-tal, og det kan kanskje kome vel med? :D

      Slett